Kalkun "Black Turkey" fra Homlagarden.
Alle kalkuner er nå ferske.
Kalkuner bestilt med levering før julaften har holdbarhet til 26.12.2022
Kalkuner bestilt i Romjulen har holdbarhet til 04.01.2023
Dei meskar seg i natureng med blomar og frodig gras, ville bær og urteplanter. Naskar til seg litt eple og plomme i ny og ne, snappar insekt i skogbrynet, jordbadar og lever glade dagar i det fri. Om ettermiddagen vandrar dei heim til kveldsmat og kvile.
Homlagarden har lenge vore på jakt etter ein kalkunrase eigna for økologisk oppdrettsmetode. Med stønad frå Innovasjon Norge og i samarbeid med Bioforsk og Kelly Turkeys kalkunoppdrett har me undersøkt kva som fins av kalkunraser i Europa og kva eigenskapar desse har. Målet er å avle fram ein kalkun med genetikk som eignar seg til økologisk oppdrett. Det vil seie ein fugl som liknar meir vill kalkun. Me har importert nokre avlsdyr frå England og kryssa fram ein kalkun me har kalla Black Turkey. Den har genetikk frå ein svart kalkunrase; Norfolck Black, som spanjolane importerte frå Mellom Amerika på 1600 talet.
Kalkunen liknar skogsfugl i utsjånad og er robust i oppdrett. Den veks seint og får ein sterk og sunn kropp. Kalkunane har svært fin kjøtfylde med den beste kvalitet og smak både til bruk som julekalkun
Vi i AMOI ønsker å gi deg en unik handleopplevelse, til dette bruker vi informasjonskapsler (cookies). Noen av disse er nødvendige for at nettbutikken vår skal fungere, andre bidrar til at du skal få en skreddersydd opplevelse. Ved å trykke «Det er greit» godkjenner du bruken av cookies.